Aabjøra Mølle

(1911)

Om kunstverket

Fra Temaplan for kulturminne i Nord-Aurdal 2021:

Interessentskapet Aabjøra fekk oppført Aabjøra Mølle i bindingsverk med skifertak i 1911. Dette er såleis, ifølgje eigaren, det eldste eksisterande industribygget i Nord-Aurdal kommune. Konsulent var ingeniøren Ole Løkken frå Bagn. Tomta er ei naturleg berghylle ved elva Åbjøra og låg den gongen sentralt til ved hovudvegen mellom Aurdal og Åbjør. Inntaksrøyret gjekk opp til dammen like nedanfor det som no blir kalla Åbjøra bru. Mølla var svært moderne, med tre kvernsteinar, grynstein, sikte, to platetørker som vart fyra med ved, og heis frå kjellar til loft. Etter at Kristian Brattebraaten kjøpte mølla i 1934, vart det installert reinsemaskin og beisemaskin for såkorn. Mølla vart driven av vassturbin fram til 1952, då Åbjøra kraftverk var utbygd, og det vart montert lys og elektrisk motor, ein betydeleg kostnad for eigaren. Den største fordelen var at det då vart slutt på å hogge is og svell ved vassinntaket, eit slitsamt og farefullt arbeid.

Matberedskap og industrialisering I 1928 kom lov om korntrygd. Då måtte møllaren rapportere til Statens Kornforretning om alt som vart levert til maling. Dette var eit incentiv for å auke matberedskapen. Dei aller fleste jordbrukarane hadde kornåker, og mølla var i drift heile året utanom juli månad. Størst var pågangen rett etter skuronna. Då kunne det vere stort behov for å få tørka kornet så det ikkje mugna og for ille. På 1950-talet strekte kundekrinsen seg frå Håvrudbygde i nordvest til Bagn i søraust. Fram til då var hesten transportmiddelet, men no vart kornet også frakta med traktor eller lastebil. Det var stall på motsett side av elva med plass til fem hestar.

Den fyrste møllaren Mikkel Brattebraaten var den fyrste møllaren. Han var ein allsidig kunstnar, utdanna gullsmed, bygde hardingfeler og var ein framifrå spelemann. Han høyrde med i krinsen rundt Ulrik i Jensestogun. Ifølgje Knut Hermundstad var han den fyrste i Valdres som systematisk tok til å dyrke stølsvollar. I
1916 overtok sonen Kristian Brattebraaten. Han dreiv til han døydde i 1951. Svigersonen Arne Dølehuset kjøpte bruket. Under Åbjøra-utbygginga på 50-talet vart elva tørrlagt, og mølla måtte drivast med straum. Dette var dyrt, og kvernene gjekk for «halv maskin». I 1969 vart det vedteke at mølledrifta skulle sentraliserast, og mølleeigar Arne Dølehuset fekk erstatning av Statens Kornforretning for å legge ned drifta.

Redningsaksjon I 2005 starta Aurdal Historielag ein redningsaksjon. Med raus dugnadsinnsats og godvilje frå mange av bygdefolket fekk bygningen nytt tak og nye glas, og roten konstruksjon vart erstatta. Noverande eigar, Reidun Borgny Dølehuset, fekk restaurert resten av bygningen med støtte frå Norsk kulturminnefond i 2017.

Det meste av inventaret er stole, og det resterande er prega av hærverk. Til mølla er det registrert dam (Åbjøra bru), tre kvernsteinar, grynstein, sikte og to platetørker. I 1934 vart det installert reinsemaskin og beisemaskin for såkorn. I 1952 vart det installert elektrisk motor og montert lys. Kvilerommet hadde eigen målar av forbruket, for dette «hørte ikke med til møllens drift».

Om sommeren holder eier mølla åpen for interesserte.

  • Tittel: Aabjøra Mølle
  • Kategori: Annet
  • År 1911
  • Sted Åbjøra
  • Kulturminne Bygninger og infrastruktur

Relaterte artikler