Fjellmotiv

Av Endre Ulven (1976)

Om kunstverket

Endre Ulven vart født på Ulvé gard i Røn 17/5 2029. Han begynte med teikning og måling på folkeskulen, frå først av med blyant og vassfarger og gjekk deretter over til oljemåling. Han hadde sin første utstilling som 16-årig i Fagernes Bokhandel. Studerte i Oslo i en 10-årsperiode på 50- og 60-tallet, mellom andre hos målarane Claus Gjøstein, Tor Refsum og Bjarne Engebret. Han kom deretter tilbake til Valdres og busette seg i Øye-bygda i Røn. Han gifta seg med Eva Oppheim i 1969 og dei fekk borni Trond (1970) , Dag (1972) og Ingrid (1974). Tilbake i Røn overtok han ein bulldosar og gjorde etterkvart bulldosarkøyring til hovudnæringa si. Det var likevel målinga som gjennom heile livet var Endres største interesse. Han måla alltid naturalistisk og var glad i å måle natur, ofte med motiv frå Valdresfjellet, men han måla også mange portrett. Utvalet til Valdreskalenderen 2018 viser måleri med motiv frå Valdres frå ein aktiv periode på over 60 år. Kilde: endreulven.no

Relaterte artikler