Asbjørn Granheim - byste

Av Gunnar Rørhus (1983)

Om kunstverket

Asbjørn Granheim (1. januar 1906-27. januar 1977) var ein gardbrukar og politikar frå Nord-Aurdal. Han var ordførar i kommunen i 26 år og representerte Oppland og Senterpartiet på Stortinget 1969-73.
Granheim var son til ein gardbrukar i Ulnes-grenda, dreiv sjølv farsgarden frå 1932. Han engasjerte seg tidleg i politikken. Frå 1931 til 1971 var han medlem i Nord-Aurdal kommunestyre, bortsett frå dei fire åra under andre verdskrigen med NS-styring. Han var varaordførar 1937-41 og i 1945, sidan ordførar frå 1945 til 1971. I tillegg var han 1960-71 med i skulestyret og 1964-71 i helserådet i Nord-Aurdal. Granheim var mykje oppteken av kraftforsyninga, såleis medlem i Samarbeidsnemnda for elforsyninga for Valdres og Vestoppland i tida 1948-63 og elles medlem i elektrisitetsnemnda i Nord-Aurdal frå 1952 til -74. Også medlem i Forliksrådet 1952-71.
Hausten 1969 vart Granheim vald til stortingsrepresentant frå Oppland, etter han hadde vore varamann i den førre fireårsbolken. På Stortinget var han 1969-72 medlem i Protokollkomiteen. Då Korvald-regjeringa kom til makt i oktober 1972, vart han flytta over i Administrasjonskomiteen. Han stilte ikkje ved stortingsvalet 1973. Kilde: Wikipedia

GUNNAR RØRHUS
FØDT: 23. mai 1909, Øystre Slidre
DØD: 20. mai 1986, Ås
Etter å ha arbeidet som forstmann, debuterte R. som maler på Høstutstillingen i 1948, som billedhugger i 1958. Før studieoppholdet i Italia arbeidet han en periode hos Per Hurum. Fra 1957 har han vært bosatt i Ås i Akershus. R.s produksjon av malerier går fram til ca. 1960 og består av landskaper fra hjemstedet og Italia, foruten portretter og figurbilder. Senere har han tegnet og malt akvareller. Han konsentrerte seg tidlig om arbeider i stein og tre, først og fremst portretthoder og byster. Fra 1960 har han hatt flere oppdrag med minnesmerker og utsmykkingsarbeider. Portretthodene har en robust naturalistisk form, særlig merkbar i det uttrykksfulle hodet av Erling Stordahl (bronse). Tyngde og følsom karakteristikk viser bystene av forfatterne Mikkjel Fønhus (bronse 1973) og Knut Hauge (gips). I de større monumentale arbeider forenkler og stiliserer han figurformene, som minnesmerkene over felespillerne Jørn Hilme (syenitt 1960) og Olav Moe (granitt 1972) og den store altertavlen med Kristus og de små barn (malt tre 1965) til Reinli kapell. I det store steinrelieffet Solrenning til Valdres videregående skole utnyttes steinsortenes farger dekorativt sammen med malte freskopartier (1970). R. har også laget skulpturer av bjørner (syenitt) og en rekke arbeider i mindre format av kvinner, dyr og små situasjonsskildringer fra hverdagen. Kilde: Store Norske Leksikon

Relaterte artikler