Om kunstverket
VARDEBERGET HJELLE. 780 MOH.
Vardepunkt. Varden var nedråtna men er nå gjenreist. Orienteringstavle over gårdene i Vestringsbygda, som viser sammenhengen mellom gårdsnavn og utviklinga i bygda.
Fra Temaplan for kulturminne i Nord-Aurdal: Ein varslingsvarde, eller vete, er ein brannvarde som vart nytta som varsel ved angrep. Til varslingsvardane var det vanlegvis ei bu. Denne er borte dei fleste stader. Sjølve veten på Langeberget er borte, men det er sett opp stokkar på staden. I Valdres veit vi om seks stader der det var varslingsvarde, men truleg var det eit par til som måtte til for at elden skulle vere synleg heile vegen.
Brukshistorikk I Noreg knyter historikarane den fyrste bruken av vetar til Håkon den gode si kongsmakt rundt 950e.Kr. Vetane kan likevel ha vore i bruk allereie i eldre bronsealder. Når ein vete vart tent, var det eit signal om angrep utanfrå, og meldinga vart sendt vidare til neste vete. Det tok eldvarselet sju netter å gå frå sør til nord i Noreg. Angrep kom oftast frå kystsida, og kvart kystdistrikt var inndelt i skipreider som skulle stille skip, mannskap og proviant. Vetane var i bruk gjennom mellomalderen og etter reformasjonen fram til 1814. Ut ifrå vetepunkt, stadnamn og tradisjon veit vi om om lag 770 vetar. Til Valdres kom varselet om krig og ufred frå vete til vete over Hadeland, Toten og gjennom Landbygdene. Siste veten i Land var Vealøysa ved garden Stuve. Herifrå gjekk varselet til Langeberget i Reinli i Valdres. Derifrå gjekk elden til Vardeberget i Aurdal og Ryeberget i Svennes kyrkjesokn til Olberg, der varselet delte seg til Kvithøvd i Øystre Slidre og Hugakøllen i Vang. Neste spor etter varslingsvarde er på Støgonøset, men det var truleg fleire varslingsvardar mot vest fordi sikta frå Hugakollen til Støgonøset er for lang til at ein kan sjå bålet (sjå meir i Sagn og soge i Søndre Ourdahl, 1984, s. 56.)
Registreringar Det er registrert to varslingsvardar i Nord-Aurdal, på Ryeberget og på Vardeberget i Aurdal. Varslingsvardane som står i dag, er restaurert i seinare tid. Skildringar frå 1700-talet gjer det mogleg å rekonstruere vetane. Veten var bygd opp rundt ein stokk på om lag 10 m med tørre stokkar. Rundt desse vart det lagt opptenningsmateriale, og ytst var det eitt eller fleire lag med reiste stokkar. Veten hadde somme tider ein steinring til fundament. På Ryeberget vart varslingsvarden sett opp att i 1987. Han er plassert der han står ut ifrå slik ein trur siktlinene må ha vore. Der den står no er det fri sikt til Olberg i Vestre Slidre , og om ein tok bort granskogen mot sør, ville det vore fri sikt til Vardeberget i Aurdal. Like ovanfor varden på Ryeberget heiter det også Vardeberget, men her er det ikkje sikt til dei neste vardane på Oldberg eller Vardeberget i Aurdal. Ved varslingsvarden var det også ei vaktbu. Det er ikkje registrert tuft etter vaktbu ved Ryeberget eller Olberg.